Hopp til innhold
Enjoy! - Alt som skjer

Kurs i japansk knivsliping

Sølvberget bibliotek og kulturhus, StavangerLørdag 11. april 2026 kl. 12:00
Kurs i japansk knivsliping
Ukategorisert

Om

ønsker du å læra deg å slipa knivane dine på slipesteinar? Kurset er for deg som vil slipa dine eigne knivar for hand på japanske slipesteinar. øystein Sandve bur i Bergen og driv der Knivsliperiet...

ønsker du å læra deg å slipa knivane dine på slipesteinar? Kurset er for deg som vil slipa dine eigne knivar for hand på japanske slipesteinar. øystein Sandve bur i Bergen og driv der Knivsliperiet, på sida av å arbeide som lærar. Han har slipt knivar profesjonelt for hand sidan 2020, og har sidan arrangert fleire kurs i knivsliping, og i april kjem han til oss på Verkstedet. Kurset startar med ei teoretisk innføring om korleis vi set opp ein ny egg på kniven. Du lærer det grunnleggande om brynesteinar, korning og ståltypar. Kurset er praktisk, så du får rettleiing og hjelp med slipinga undervegs. Mot slutten lærer du vedlikehold av slipestein og kniv, i tillegg til korleis du tek vare på den kvasse knivseggen. Ta med eit par, gjerne 3-4 knivar/kjøkkenknivar du har heime og som du ønskjer å gje nytt liv. Har du slipestein sjølv, ta den gjerne med og bruk denne, men ein kan g låna ved behov. Desse (av typen Naniwa Basic 220/1000), kan kjøpast etter kurset til kr 410,- (som er ein god hundrelapp under gjennomsnittleg marknadspris). Dette kurset gir eit godt utgangspunkt for vidare øving. Kurset passar best for begynnarar, men alle er velkomne til å delta, uansett nivå. Billettar vert lagt ut for salg 21. mars kl 12.00

Sølvberget bibliotek og kulturhus

Sølvberggt 2, 4002, 4002 Stavanger

Arrangør

🏢

Arrangør

Arrangement-ID:

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Sølvberget bibliotek og kulturhus

Aktuelle alternativer