Guida turar - Randorama Sunnmøre 2026

Dette arrangementet er avsluttet
Arrangementet fant sted Torsdag 19. mars 2026.
Om arrangementet
Vil du få den beste skiopplevinga under Randorama? I lag med Sunnmøre Mountain Guides finn du dagens beste snø. Eller kanskje du ønskjer å utvikle toppturferdigheitene dine, lære meir om utstyret, ...
Vil du få den beste skiopplevinga under Randorama? I lag med Sunnmøre Mountain Guides finn du dagens beste snø. Eller kanskje du ønskjer å utvikle toppturferdigheitene dine, lære meir om utstyret, og korleis du tek trygge og smarte ruteval? Under Randorama Sunnmøre får du høve til å bli med Sunnmøre Mountain Guides på tur! Sunnmøre Mountain Guides tilbyr guida skiturar under festivalen, i små grupper på 4–6 deltakarar per guide. Alle guidane er kvalifiserte, eller er under kvalifisering, som Tindevegleder eller Skivegleder gjennom Nortind. Ønskjer du guiding utover dei oppsette turane under festivalen? Dersom du er interessert i turar utanom programmet eller på andre dagar, kan du ta direkte kontakt med Sunnmøre Mountain Guides for å sjekke kva moglegheiter som finst: sunnmoremountainguides@gmail.com Minner om at for å kjøpe guida tur må du ha Randorama-festivalpass.
Arrangør
Arrangør
Profesjonell arrangør
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Ørsta