Hopp til innhold
Enjoy! - Alt som skjer

Glimt frå bygningshistoria på Skrivargarden

Hesthamar skrivargard, Søndag 8. november 2026 kl. 16:00
Glimt frå bygningshistoria på Skrivargarden
📚 Kurs og læring

Om arrangementet

Kenneth Bratland (f. 1977) er historikar og arbeider som seniorrådgjevar ved Nasjonalarkivet i Bergen (tidlegare Statsarkivet i Bergen): “Skrivargarden på Hesthamar har ein lang og spanande histori...

Kenneth Bratland (f. 1977) er historikar og arbeider som seniorrådgjevar ved Nasjonalarkivet i Bergen (tidlegare Statsarkivet i Bergen): “Skrivargarden på Hesthamar har ein lang og spanande historie. I dag står det gamle huset som eit prakteksemplar. Men slik har det ikkje alltid vore. For å forstå garden si historie er det viktig å sjå på kjeldene til bygningshistoria. Eg vil i dette foredraget sjå på eldre kjelder til bygningshistorie og tar utgangspunkt i to døme. Eitt døme er at husa på Hesthamar var i forfall tidleg på 1700-talet. Det manglande vedlikehaldet enda i 1720-åra som ei rettssak mellom sorenskrivar Jens Fabricius og folket i Hardanger. Saka kom opp til Bergen Lagting (forløparen til Gulating) i 1729. Eitt anna døme er branntakstane (forsikring). I 1850-åra vart det halde to branntakstar over husa på Hesthamar.” Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Sted

Hesthamar skrivargard

Arrangør

🏢

Arrangør

Profesjonell arrangør

Arrangement-ID:

Aktuelle alternativer