Silje Nergaard til Eidsdalsrøre

Om arrangementet
Silje Nergaard med Ole Jørn Myklebust, Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen På sitt nye album Tomorrow We`ll Figure Out the Rest har Silje komponert ei samling melodiske låtar inspirert av klassisk...
Silje Nergaard med Ole Jørn Myklebust, Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen På sitt nye album Tomorrow We`ll Figure Out the Rest har Silje komponert ei samling melodiske låtar inspirert av klassiske jazz-standards. Songar om livet og kjærleiken – universelle tema som vi alle kan relatere oss til. I tillegg til låtar frå det nye albumet syng Silje sine kjende og vakre klassikarar, som Be Still My Heart, Dance Me Love og Lullaby to Erle. Songar som har funne ein heilt spesiell plass i liva til lyttarane hennar over heile verda. Med seg på scena denne kvelden har ho Ole Jørn Myklebust, Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen. Silje og gitaristane har sidan 2010 turnert verda rundt og hausta fantastisk respons. Når trioen i tillegg får med seg Ole Jørn på scena ligg det til rette for ei unik oppleving. Dei inviterer publikum til ei nær, intim og leiken konsertoppleving. Dei leikar med det heilt stillferdige og vakre til jazzete sving. Dette er berre å glede seg til! Silje Nergaard vokal Ole Jørn Myklebust trompet Hallgrim Bratberg gitar Håvar Bendiksen gitar
Sted
Røde Kors-huset, Eidsdal
Kart
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Røde Kors-huset, Eidsdal
Arrangør
Arrangør
Profesjonell arrangør