Hildegunn og Leif-Per

Om
Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkestret Gjekk du glipp av radarparet frå Ulsteinvik då dei sist vitja Bjørnsonhuset i Molde? No får du ei ny moglegheit på Die Tankstelle fredag 8. mai! Han...
Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkestret Gjekk du glipp av radarparet frå Ulsteinvik då dei sist vitja Bjørnsonhuset i Molde? No får du ei ny moglegheit på Die Tankstelle fredag 8. mai! Han er taxi-sjåfør og Sunnmøres 14. beste gitarist (av 17…) Ho er husmor, bestemor, nyutdanna spirituell coach - og har ei 60 prosent stilling på Cubus. Meir enn 18.000 har sett comebackshowet til «Hildegunn & Leif-Per Moltubakk», og har dei klart heilt UTAN hjelp frå Kringkastingsorkestret. Kvifor er Hildegunn så fornærma på Kringkastingsorkestret? Og stemmer det at Leif-Per har fått seg dame frå Fræna? Er det eit show? Er det ein konsert? Vi er ikkje sikre på om Hildegunn & Leif-Per har svaret på akkurat det, men dei lokkar i alle fall med både dramatikk og komikk - og eit saftig låtutval med eigenkomponert materiale i den underkjente singer/songewriter/housewife-tradisjonen. Av og med: Fredrik Steen og Ørjan Liavåg Regi: Karina Aase Varigheit: 80 min. (ikkje pause)
Arrangør
Arrangør
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Die Tankstelle