Hoppa till innehål
Enjoy! - Alt som skjer

Siste servering på Bokhandelen

Bokhandelen, Fredag 5. juni 2026 kl. 20:00
Siste servering på Bokhandelen
Okategoriserad

Om evenemanget

Siste servering er Kjetil Espeseth og Kristian Kaupang. Førstnemnde er poet. Sistnemnde er låtskrivar og artist. Saman flettar dei poesi og musikk med humor og alvor. Fredag 5. juni tek dei turen h...

Siste servering er Kjetil Espeseth og Kristian Kaupang. Førstnemnde er poet. Sistnemnde er låtskrivar og artist. Saman flettar dei poesi og musikk med humor og alvor. Fredag 5. juni tek dei turen heile vegen frå Larvik til Dombås for å servera historier om bikkjer, tre, reunions, maritime observasjonar, plater og filmar, nye sjansar og gamle flammar. For å nemna noko. Det blir ettertenksamheit, humring og ganske sikkert ein klump i halsen. Kjetil har så langt fire diktsamlingar på samvitet, sist med «Ting han har sagt til seg sjølv i årevis» som kom heilt på tampen av 2025. Kristian gav det same året ut sitt fjerde og kritikarroste soloalbum, «Siste sjanse». Sagt om Siste servering: «Espeseth og Kaupang utfyller kvarandre perfekt og har utarbeidd eit konsept som fungerer svært godt i mange settingar og ulike rom, fordi dei har ei unik formidlingsevne til å dra med seg publikum inn i verda si uansett omgivnader» – Camilla Svendsen, Seksjonsleiar på Sandefjordsbibliotekene.

Plats

Bokhandelen

Kyrkjevegen 2d

2660 DOMBÅS

Arrangör

🏢

Arrangør

Professionell arrangör

Evenemangs-ID:

Aktuella alternativ