Hopp til innhold
Enjoy! - Alt som skjer

Gorrlaus

TOU, StavangerLørdag 25. april 2026 kl. 19:00
Gorrlaus
🎵 Konserter

Om

Laurdag 25. april Stad - Tou loftet Dørene opnar: 1830 Start: 1900 Åsmund Soldal - slåttetromme Jonas Evenstad - slåttetromme Sindre Tronrud - hardingfele Trommeslagarar og felespelarar har spelt i...

Laurdag 25. april Stad - Tou loftet Dørene opnar: 1830 Start: 1900 Åsmund Soldal - slåttetromme Jonas Evenstad - slåttetromme Sindre Tronrud - hardingfele Trommeslagarar og felespelarar har spelt i lag i hundrevis av år. Fram til ganske nyleg har slåttetromma allikevel vore ganske ukjent for folk flest. Det er i ferd med å snu, mykje takk vere dei unge karane som gjestar Gorrlaus denne kvelden. Slåttetromma har fått vind i seglet atter ein gong, og i kveld får me høyra nokre av dei framste unge folkemusikarane visa fram slåttetrommetradisjonen i solo spel, samspel og dansespel. Åsmund Soldal er slagverkar og ekspert på trommeslåttar. Gjennom masterprosjektet på NMH, "Trumbemusikken kann reisast att", har han børsta støv av tradisjonen og gjennom eit spesialbygd trommesett set han sitt heilt eige preg på Trumbemusikken. Sindre Tronrud er ein av fleire unge særs interesante hardingfeleutøvar frå Valdres. Han er aktiv både solo og i fleire konstellasjonar. Han har trass sin unge alder allereie fleire topplasseringar på kappleik å visa til og har motteke ei rekke prisar og stipend. Jonas Evenstad er slagverkar og studerer samtidsmusikk på Høgskolen for Musikk og Dans i Köln. Han har med slåttetrommespel i fleire år, og ved å kombinera eksperimentell musikk, improvisasjon og folkemusikk, utforsker han dei estetiske moglegheitane i tradisjonen. Etter konserten blir det ope dansegolv og fest som vanleg.

TOU

Kvitsøygata 25, 4014, 4014 Stavanger

Arrangør

🏢

Arrangør

Arrangement-ID:

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av TOU

Aktuelle alternativer