Vårfest: Sy utan søppel

Om
Vårfest: Sy utan søppel Tysdag 21. april blir det sykurs med Turi Rudningen frå nøysøm der me brukar opp alle stoffreistane som har hopt seg opp i verkstaden! Om du har stoffreister heime som du yn...
Vårfest: Sy utan søppel Tysdag 21. april blir det sykurs med Turi Rudningen frå nøysøm der me brukar opp alle stoffreistane som har hopt seg opp i verkstaden! Om du har stoffreister heime som du ynskjer å få brukt, så må du gjerne ta dei med! Kurset startar med at Turi viser korleis nøysøm jobbar med nullsvinn som designprinsipp på to måtar: Anten zero waste, der eit design bruker opp heile stoffet, altså at det det ikkje blir noko søppel i det heile. Eller reistesaum, der ho tar søppelet frå andre syprosjekt og bruker det som materiale. Vidare på kurset syr du ei stoffkorg og/ eller sjongleringsballar av reistane i verkstaden. Kurset egnar seg for alle nivå av saumkunnskap så lenge du kan bruke ei symaskin. Stoffkorga kan lagast i ulike variantar ut frå dine syferdigheiter: av eit stykke stoff eller som lappeteppe, stor eller liten, med hank eller ikkje, og fora eller ikkje fora. Sjongleringsballane syr me på overlock av dei minste reistane og fyller med dei aller minste! nøysøm er eit kreativt studio i Stavanger som utforskar gjenbruk og designprinsippet "sy utan søppel", og inspirerer deg til å skape og ta vare på din eigen garderobe. Med handverkskolleksjonar, symønster, kurs og foredrag hjelper nøysøm privatpersonar, foreiningar og bedrifter i heile landet i alle stega mot ein grønare garderobe. Turi er arkitekt, men etter ho sydde seg til finala i symesterskapet på NRK, bestemte ho seg for å gjera ein forskjell i klesbransjen. Før ho starta nøysøm, var ho prosjektleiar for oppstarten av ReTuren syverkstad for Stavanger Turistforening og dreiv dette i 3 år. DNT har no ReTuren i alle dei store byane. Bli med å bruke opp reistane våre i bærekraftsveka! Med støtte fra Rogaland fylkesbibliotek. 20.–26. april inviterer vi til vårfest på Sølvberget – en feiring av alt biblioteket rommer: nye og bedre biblioteklokaler for lesing, sterke fortellinger på film og scene, Verdens bokdag og arrangementer og utstilling om bærekraft og gjenbruk.
Arrangør
Arrangør
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Sølvberget bibliotek og kulturhus