Hopp til innhold
Enjoy! - Alt som skjer

ROBUSTE BARN v/Line Marie Warholm

Velledalen Grendahus, Onsdag 22. april 2026 kl. 18:30
ROBUSTE BARN v/Line Marie Warholm
📚 Kurs og læring

Om

FAU og Eldsjel inviterar til foredrag med Line Marie Warholm – om grenser, ansvar og robuste barn på Velledalen grendahus *Korleis står det eigentleg til med barn og unge i dag – og kva treng dei m...

FAU og Eldsjel inviterar til foredrag med Line Marie Warholm – om grenser, ansvar og robuste barn på Velledalen grendahus *Korleis står det eigentleg til med barn og unge i dag – og kva treng dei mest av oss vaksne? I dette inspirerande og tankevekkjande foredraget tek psykolog og forfattar Line Marie Warholm oss med inn i kvardagen til barn, foreldre og fagfolk. Med varme, humor og solid fagleg tyngd deler ho historier og konkrete døme frå heim, skule og barnehage. Warholm har ei unik evne til å forklare komplekse samanhengar på ein enkel og forståeleg måte – noko som gjer foredraget både lærerikt og engasjerande. Gjennom foredraget set ho fokus på: - kvifor tydelege vaksne er viktigare enn nokon gong - korleis vi kan setje grenser med tryggleik og omsorg - kva som skaper robuste barn og trygge relasjonar - korleis vi kan ta vaksenansvaret på alvor i møte med barn og unge Warholm minner oss om at å vere robust ikkje handlar om å vere tøff – men om å bli sett, tålt og halden fast, også når det stormar. Dette er eit foredrag som treff både foreldre, lærarar, leiarar og andre som jobbar med eller bryr seg om barn og unge❤️💚💙💛 Dørene opnar 18.30 Billett på www.tikkio.com Billettpris 200 kr Billettpris for foreldre ved Velledalen Montessoriskule og Velledalen Naturbarnehage 100 kr Billett ved inngangen 250 kr for alle.

Velledalen Grendahus

Arrangør

🏢

Arrangør

Arrangement-ID:

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Velledalen Grendahus

Aktuelle alternativer