Hopp til innhold
Enjoy! - Alt som skjer

Gorrlaus

TOU, StavangerLørdag 23. mai 2026 kl. 19:00
Gorrlaus
🎵 Konserter

Om arrangementet

    Laurdag 23. mai   Stad - Tou loftet Dørene opnar: 1830 Start: 1900   Tone Hulbækmo: harpe Hans Fredrik Jacobsen: seljefløyte Olav Christer Rossebø: dansespel på hardingfele,...

    Laurdag 23. mai   Stad - Tou loftet Dørene opnar: 1830 Start: 1900   Tone Hulbækmo: harpe Hans Fredrik Jacobsen: seljefløyte Olav Christer Rossebø: dansespel på hardingfele, fløyte og langeleik.         Det er ei glede å få besøk av to fantastiske personar, som både er ektefeller og musikalske kollegaer. Dei har formidla musikk og tradisjon for store og små i fleire ti år, både saman og kvar for seg.   Tone Hulbækmo, frå Tolga i Østerdalen, er multiinstrumentalist med ein eklektisk musikalsk palett. Ho er kvedar og spelar både harpe, lyre og orgel. Frå europeisk middelalder- og renessansemusikk til norsk folkemusikk til melodier og viser for barn, som ikkje er fastbunde av nokon bestemt sjanger anna enn den kraftfulle entusiasmen og formidlingsvilja som alt spring ut i frå. Spesielt relevant for i kveld, er det å trekka fram den norske harpa. Dette er ein tradisjon som forsvann for meir enn 200 år sidan. Saman med Sverre Jensen, har Hulbækmo blåst liv i denne tradisjonen igjen. I fjor kom "Harpedåm" ut på Heilo Records. Plata inneheld utelukkande musikk spelt på den norske harpa, og det er dette det skal dreie seg om i kveld.   Hans Fredrik Jacobsen er ikkje mindre multiinstrumentalist og trakterer forskjellige fløyter, gitar, torader og saksofon. Han har medvirka som gjestemusiker og solist på drøyt 100 utgjevingar og samarbeida med alt frå Sissel Kyrkjebø til Erik Bye. Han står og veldig greitt på eigne bein, og det er kanskje fleire i Stavanger som kan hugsa ein smått legendarisk konsert i botaniske hage ein junidag i 2022. Det var altså Hans Fredrik Jacobsen som spelte på ekta seljefløyter. Konserten i kveld kjem og til å ha hovedfokus på nettopp seljefløyta. Men sjølv om det er "det tradisjonelle solo spelet som står i fokus i kveld og me sit på kver okka stol og spelar i kver vår verd osb", kan det vera fare for samspel og. " For nokre framsteg må me jo kunna unne okker..."   Etterpå blir det ope dansegulv med spelemannen hvis namn skrives Olav Christer Rossebø, men uttales lokalt "Laffen". Rogalandsmusikk på fløyte, langeleik og hardingfele. Stavanger folkemusikklag er nok ikkje langt unna dei heller.   Fuglen arrangerer dansekurs på dagtid.

Sted

TOU

Kvitsøygata 25, 4014

4014 Stavanger

Få veibeskrivelse

Kart

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av TOU

Arrangør

🏢

Arrangør

Profesjonell arrangør

Arrangement-ID: 39255400

Aktuelle alternativer

1 tidspunkt tilgjengelig