Stage Dolls på Kanaldagane

Om
Me har gleda av å presentere ingen ringare enn legendene i Stage Dolls til Kanaldagane 2026! Sidan 1983 har Torstein Flakne og gjengen vore sjølve definisjonen på norsk kvalitetsrock. No kjem dei t...
Me har gleda av å presentere ingen ringare enn legendene i Stage Dolls til Kanaldagane 2026! Sidan 1983 har Torstein Flakne og gjengen vore sjølve definisjonen på norsk kvalitetsrock. No kjem dei til Kulleseidkanalen for å fylle laurdagskvelden med magi, energi og dei største hitsa gjennom fire tiår. Har du ikkje sikra deg plass enno? Då er det på tide å vakne! Sjå føre deg 750 menneske som syng med for full hals til udødelege klassikarar som: ✨ «Love Don’t Bother Me» ✨ «Hard to Say Goodbye» ✨ «Soldier’s Gun» ✨ «Still in Love» Dette blir ein kveld for minneboka der tunge gitarriff møter dei mjukaste balladane. Stage Dolls er i toppform, og stemninga på Kanaldagane kjem til å få festivalteltet til å bule! Sikre deg din billett no, og bli med på årets største rockehending på Bømlo. Med både supportband og trubadur i sving garanterer me høg stemning helt frå dørene opnar og til dei seine nattetimar. Me sjåast på Kanaldagane 2026!