Hoppa till innehål
Enjoy! - Alt som skjer

Den unge Michelsen

Gamlehaugen, 30 tidspunkt
Den unge Michelsen
Okategoriserad

Om

Den unge Michelsen – på veg mot makt Ei heilt ny teaterframsyning på Gamlehaugen Premiere 10. juni 2026 Før han blei statsminister Før 1905. Før unionsoppløysinga. Før han hamna på ein 21 meter høg...

Den unge Michelsen – på veg mot makt Ei heilt ny teaterframsyning på Gamlehaugen Premiere 10. juni 2026 Før han blei statsminister Før 1905. Før unionsoppløysinga. Før han hamna på ein 21 meter høg sokkel. Kven var Christian Michelsen før han blei ein av dei mest sentrale politikarane i norsk historie? I framsyninga Den unge Michelsen – på veg mot makt blir publikum inviterte inn i ein teaterleik om mennesket bak den historiske skikkelsen. På Gamlehaugen, Michelsen sitt eige heim, trer vi inn i vala som førte den borgarlege rikmannssonen opp på makta sine tindar. Eit dramatisk liv På vegen mot makt møter Michelsen både: Motgang Kjærleik Framsteg Gjennom ei intens og nær teateroppleving følgjer vi han frå oppvekst i Bergen, via studiar og næringsliv, og inn i politikken – fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk. To skodespelarar ber framsyninga Den eine er Michelsen, den andre er alle dei som stod han nær: familie, vener, politiske allierte og fiendar. Saman utforskar dei eit dramatisk liv – frå oppvekst i Bergen, via studiar, næringsliv og politisk inngang, fram til terskelen av det som skulle gjere han historisk. Sigmund Njøs Hovind er den eine skodespelaren (Michelsen. Sigmund spelar òg i Mordet på Michelsen, både i 2025 og i år).

Karta

Gamlehaugen

Gamlehaugvegen 10, 5230 PARADIS

Arrangör

🏢

Arrangør

Evenemangs-ID:

Aktuella alternativ

30 tidpunkt tillgänglig