Hoppa till innehål
Enjoy! - Alt som skjer

Damenes Aften

Askvoll Samfunnshus, Lørdag 11. april 2026 kl. 17:00
Damenes Aften
🖼️ Utställningar och mässor

Om evenemanget

Velkomen til ein inspirerande og stemningsfull kveld fylt med latter, energi og godt fellesskap. Damenes Aften er ein kveld der du kan senke skuldrene, hente inspirasjon og nyte ei sosial oppleving...

Velkomen til ein inspirerande og stemningsfull kveld fylt med latter, energi og godt fellesskap. Damenes Aften er ein kveld der du kan senke skuldrene, hente inspirasjon og nyte ei sosial oppleving saman med andre damer. Kvelden startar med ein rosa velkomstdrink før vi samlast til eit inspirerande foredrag med Bjørg Thorhallsdottir. Med varme, humor og sterke historier tek ho oss med inn i lykkebobla – ein kveld om livsglede, mot og det å vere menneske. Det vert utsøkt tapas frå Askvoll Sjømat og Delikatesser. Baren er open, og kvelden byr vidare på underhaldning, musikk og god stemning. Dette er kvelden for å kle seg litt ekstra fint, ta med venninner, kollegaer eller kome aleine og møte nye folk. Ein kveld for påfyll, glede og gode opplevingar - midt i hjartet av Askvoll. Billetten inkluderer: ✨ Inspirerande foredrag med Bjørg Thorhallsdottir 🥂 Velkomstdrink 🍴 Tapas frå Delikatessen 🎶 Underhaldning og god stemning 💛 Ein kveld fylt med fellesskap, inspirasjon og opplevingar

Plats

Askvoll Samfunnshus

Arrangör

🏢

Arrangør

Professionell arrangör

Evenemangs-ID:

Aktuella alternativ