Hopp til innhold
Enjoy! - Alt som skjer

Melovittens konsertbonanza

Vågåmo, Fredag 12. juni 2026 kl. 18:00
Melovittens konsertbonanza
🎉 Festivaler

Om arrangementet

Velkomen til Melovittens konsertbonanza 12.-14. juni 2026 i vakre Vågå! 🎉 Plateselskapet Melovitten feirer fem år i 2026, noko vi vil feire med ei sommarleg og feststemt folkemusikkhelg i heimbygd...

Velkomen til Melovittens konsertbonanza 12.-14. juni 2026 i vakre Vågå! 🎉 Plateselskapet Melovitten feirer fem år i 2026, noko vi vil feire med ei sommarleg og feststemt folkemusikkhelg i heimbygda. Denne helga byr på konsertar med eit knippe av Melovittens lokale artistar frå Vågå og omegn, og du er sjølvsagt invitert til festen! Du kan vente deg musikk både seint og tidleg, for barnefamiliar og for vaksne. Det blir buskspel, dansefest og kanskje ei og anna overrasking. Mykje liv og røre i bygda vil det garantert bli. 🗓️ Set av helga i kalenderen til sommarens festivalvorspiel i Vågå. Vi håpar du vil vere med oss å feire Melovitten sine fyrste fem år med modig folkemusikk! BILLETTAR Salg av enkeltkonsertar og festivalpass via Tikkio (ledige billettar selgast i døra). Heile påska får du rabatt på alle billettar. Vi gir 200,- i rabatt på festivalpass og 50,- til 90,- rabatt på enkeltkonsertar. Born under 12 år og ledsagere med gyldig ledsagerbevis går gratis. PS: Skal du delta på mange av arrangementa anbefalar vi festivalpass. PROGRAM (med atterhald om endringar): Fredag 12. juni: Kl. 19:00 Pøbkveld "Rocke-gammaldans": Lendmenn, Skultbakkalaget, Skurken på dansegolvet (Bokhandeln) Laurdag 13. juni: Dagtid: Stands, buskspel, liv og røre (ute i moom) 11:00 Gratiskonsert med eit utval artistar (Handelsforeninga) 13:00 Tradisjonell song og spel frå Ottadalen: Mari Midtli & Astrid Sulheim + Atterljomen (Andre etasje) 15:00 Vakkert og uanstendig: Frikk Gjeilo m/ gjester framfører viser og upassande poesi (Bokhandeln) 19:00 Gammaldansball, bobler og beauty med Madam Jam, SKROT og Nye Ringnesin (Bakgården på Liehjørnet) Sundag 14. juni: 11:00 Gratis familiekonsert "Sirkus Uventa" med Vegar Vårdal (Bokhandeln) 18:00 Klassiske perler i folkeleg bekledning med Bjørn Kåre & Mads Erik Odde + nordisk feelgood med duoen Sandum/Tallroth (Munchlåven på Gammel-Kleppe Kulturarvhotell) Arrangør: Melovitten i samarbeid med Eventlink. www.melovitten.no Støtta av: Innlandet fylkeskommune, Kulturdirektoratet, Interkommunalt politisk råd. Sponsa av: KL Rørleggerbedrift AS, Coop Ottadalen SA. ❤️ PS: Vil du vere med på laget som samarbeidspartner, støttespelar eller liknande? Ta gjerne kontakt med oss: post@melovitten.no/47398764. Headerfoto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Arrangør

🏢

Arrangør

Profesjonell arrangør

Arrangement-ID:

Overnatting i nærheten

Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Vågåmo

Aktuelle alternativer