Seriøst! -betraktningar over ein lav sko.

Om arrangementet
Seriøst! -betraktningar over ein lav sko. Eit satirisk skråblikk frå ei dame i sin beste alder! Betraktningar over ein lav sko, er nettopp det; betraktningar over samfunnet, verden og livet me lev,...
Seriøst! -betraktningar over ein lav sko. Eit satirisk skråblikk frå ei dame i sin beste alder! Betraktningar over ein lav sko, er nettopp det; betraktningar over samfunnet, verden og livet me lev, sett med ei halvgammal dame sitt falkeblikk. Forestillinga er i si heilheit skreven av Anita Nyhagen og er ei forestilling med både skjemt og alvor. Gjer deg klar for ei forestilling som er både ettertenksom og latterfull. Som tonefølge har ho med seg ingen ringare enn Hallvar Djupvik, tenor, visesangar og multimusikar frå Tomrefjord. Brukarstyrt sceneassistent er Jon Roar Skare. Anita Nyhagen kjem frå Vikebukt og har eit langt liv på scena bak seg. Ho er revyartist, produsent og tekstforfattar. Dette er hennar første soloshow. Showet har gått for fulle hus på Åndalsnes og Åndalsnes avis skriv følgande om forestillinga: Det er imponerende hvordan hun klarer å holde trykket, timingen og publikum i sin hule hånd i halvannen time. Nyhagen behersker registeret fra det smått absurde til det hverdagsnære. Mye av gullet ligger i detaljene: de bitte små vendingene, observasjonene av «oss». Humorutvalget.com
Sted
Myra Kulturbygg
Arrangør
Arrangør
Profesjonell arrangør
Overnatting i nærheten
Se ledige hoteller og Airbnbs i nærheten av Myra Kulturbygg